14. mai 2012

Fallskjermjeger! .. nesten da.

Endelig kan eg skrive eit innlegg som er fylt med fart, spenning og utallige følelser følt på kort tid. Nemlig om det å hoppe i fallskjerm. Det er det kulaste, eklaste, mest ubehagelige og mest fantastiske eg nokon gong har opplevd. Berre for å forklare, så er "mannen min" han som eg hoppa sammen med.
Det heile byrja med at vi sto ved Gaten og venta på fallskjermhopparane.
Kl. 10 møtte vi ei dame som skulle guide oss til stedet. Vi kjørte rundt flystripa, og alle i bilen satt og gira kvarandre opp. Så var vi framme, og da var det berre å vente til det var vår tur til å få på seg drakta for så å klatre inn i verdens minste fly, med tanke på kor mange som var inni det.
Så kom første overraskelse. "Mannen min" hadde ikkje flygerdrakt. Eg hoppa virkelig i dongeribokse, sneakers og (heldigvis) den vindtette skogstad-jakka mi med ein ullforté under. klokka var plutselig 11, og det var like før vi skulle inn i flyet.
Eg fekk på meg en svær sele, og fekk instruksjon på korleis eg skulle holde hender, bein, hode og andre løse kropsdeler under flyturen. Eg og Amalie hoppa ilag. Det var supert å ha ei eg kjendte i flyet, som moralsk støtte på ein måte. "Mannen min" spurte fleire gongar om eg var OK, noko eg trur var fordi eg skalv så inderlig. Eg var nervøs, livredd og iskald, men eg sa sjølvsagt "jaja!"
Eg ser på klokka, og den er 11.30, mannen seie 5 minutter igjen. Etter ein uutholdelig (innbildt lang) flytur, begynte den røde lampen å lyse, den som betyr "Døra er open". Etter eit lita stund lyste grøn lampe, som betyr "HOPP!" Det vil seie vi "endelig" var på 13 000 fot, 4000m, 4km over bakken.
Døra gjekk opp, og første mann var ute av flyet. Eg kjente virkelig at tårene presse på og angeren begynte å komme snikande. Så aka vi oss fram til opninga som nest siste hopperpar. Vinden susa rundt beina mine, og det einaste eg klarer å tenke er "Nå skal eg kaste meg ut av eit fly, eg kjem til å dø."
Tre - to - ein, vi falt. Dei første sekundene var det akkurat som i drømmane når du faller, og du kan virkelig ikkje gjere noko for å stoppe det. Eg hyler. Eg kjenner på den samme følelsen eg har hatt i drømmer, og hyler. Virkelig hyler, eg var heilt seriøst på gråten og liveredd. Heile kroppen seie "NEI! Dette er ikkje riktig". Vi faller og faller.
Det er vanskelig å puste, og eg får panikk. "Pust rolig, sakte og forsiktig!", "Sjå rett fram å konsentrer deg om og puste," var det som foregikk i hode mitt. Det ordnet seg litt, det var ikkje så ille når eg pusta rolig og konsentrerte meg.
Vinden susa rundt øra, litt samme lyden som når du kjører fort og har nede vinduet i bilen, igrun. Du fryser litt, og mannen dunket meg på skuldra, noko som betydde "Fly" med henda. Og eg tenkte berre "Er du gal? Her må man holde seg fast til det lille man har, nemlig selen!!" også dunka han enda ein gong, litt hardare og fleire ganger. Så, OK da, eg skal gjøre som du vil, så eg flydde, svømte og "turna litt" i lufta i mange killometer i timen.
Etter ei stund ser eg ned. Eg ser berre skyer, og begynner å lure på korleis fungerer det egentlig med pusting inne i skya? Er det mulig og drukne? Det er jo i teorien regn, og eg skal falle gjennom der. I mange killometer i timen. Hmm.
Vi for inn i skya, og eg fekk panikk igjen. Virkelig. Det var det eklaste eg har vore med på. Eg såg ingenting, eg begynte egentlig å lure på om eg var aleine eller om eg fortsatt hang fast i "mannen min". Trykket i øra begynte å bli ganske uutholdelig og eg prøver å gjespe for å få det vekk, men eg klarte det ikkje fordi det kom så mykje luft og kjakane mine begynte å flagre, akkurat som på film.

Vi kom ut av skya, og eg ser mange, store, firkanta åkere, og plutselig blir alt stille - fallskjermen er opnet. "Mannen min" tar av meg brillene, som for øvrig er fulle av tårer. om det er på grunn av vinden eller redsel, veit eg ikkje. Eg blåste ut det meste av trykket i øra, og begynner og innsjå kvifor folk ønsker å hoppe i fallskjerm. Det var nydelig.
Når du ser ned, ser du bakken i miniatyr og dine egne bein hengane i frie lufta, som gjør at dei ser ut som kjempe-bein i forhald til dei modellflyene som står på bakken.
Han gav meg "styre-trådane" og kobla fra hoftene våre, og eg hadde full kontroll over situasjonen igjen.
Så tok han i dei sammen med meg, og vi svinga. Korketrekker. DØDSKULT. Var litt sånn "woho, karrusell!"-stemning oppe på himmelen da! Så segla vi - nei cruisa litt rundt oppe på himmelen, hylte litt og svinga hit og dit, og berre nytte livet. Så var det landing og det gjekk fortare enn det ser ut i fra på bakken. Plutselig sto eg med begge beina planta på bakken, full av adrenalin, og klokka er 11.45 - ferdig!



Illustrasjonsbilete


Ingen kommentarer: