27. februar 2012

Rekrutten er snart over..

Da er det siste veke av rekrutten. Det er litt trist at vi på troppen og kompaniet etter 8 veker sammen skal sprees for alle vinder. Det er folk som skal til utlandet, folk som skal i nord, sør , aust og vest. Etter å ha budd i samme kaserne, gang og rom skal vi plutselig reise ein fremme plass og bli kjendt med nye igjen. Eg gleder meg til å komme til Oslo og få informasjon om korleis tjenesten min blir. Eg veit ingenting, og det har ikkje vore lett å finne info på nettet heller. Det er ikkje så mykje info om Kongeskipet, anna enn sånn kor lang båten er osv. og akkurat nå har eg skikkelig heimlengsel etter 2 mnd vekke fra hus og heim, familie og venner. Savner også å kunne legge seg i senga med kler på, med god samvittighet..
I forrige veke var vi på IMO 60 kurs, eit kurs alle må igjennom for å kunne arbeide på båt. Dette var kjekt og spennande.
Siden dei seier bilde seie meir enn 1000 ord, eller noko sånn, gir eg meg her og lar bileta bekrive.
To be continued











18. februar 2012

Feltveke, krig og kongeskipet

Da var vi kommet tilbake fra feltveke. Himmel for eit opplegg. Sjølv om det vart meir søvn og mat enn eg trudde, var det likevel slitsomt. Når eg våkna i dag tidleg føltes det ut som eg var skikkelig fyllesjuk. Det var ikkje så kult.
Vi reiste ut til Evje på mandag, og satt på buss i ca. 4 timer. Endelig framme, så var det å drasse alt av utstyr opp på teigen vår. Det var mykje kortare enn eg hadde trudd det skulle vere, siden eg hadde sett for meg at vi skulle gå og bere på sekken i fleire Roma. Det skjedde heldigvis ikkje. Vi kom fram, fekk utlevert teltplass og kom igang med oppsetting av telt, plassering av BC og latrine, og fyrt opp i multifuelen. Så var det litt leksjon i lyd og lysdisiplin. Det var egentlig overraskande å sjå kor mykje lyd og lys kunne avsløre deg og kor godt det egentlig hørtes.
Tirsdag var det mykje leksjon. I tillegg fekk vi vite neste tjenestested. Og Menig Erviksæter skal tjenestegjøre på Kongeskipet Norge! Linn fekk sitt ønske om fregatt og er overlykkelig siden ho får ha våpen i tjenesten. onsdag begynte alvoret. Da var det litt leksjon, før feltgudstjenesta var kl . 18.00 og det var krig. Etter feltgudstjenesta fekk alle ein kopp saft og ei 200 grams sjokoladeplate. Det var virkelig ei fantastisk overrasking. Alle var overlykkelig på grunn av den sjokoladeplata. Heile onsdagsnatt og torsdag gjekk med på å observere Fi(fienden) og sitte på vaktpost. Torsdagskvelden vart det action. Vi gjekk fra grøn beredskap, (1 fyringsvakt, 1 mann på vaktpost) til gul beredskap (1 fyringsvakt 1 på vaktpost og 2 KTS( klar til strid) i telt, ganske ofte. Så blei det rød beredskap. Det vil seie 50% på stilling ( vaktpost) og 50% KTS i telt. Medan det pågikk, var lag Alfa ( mitt lag) på VKP (veikontrollpost) og det var da Fi angreip. Det var rød fis over alt, heliosane fløy over alt og det var totalt kaos. Det er det gøyaste eg har vore med på, på lenge. Det var nesten akkurat som da vi var små og leika "piom piom" i skogen. Etter set, fekk dei som ville vere med å angripe Fi med eit ildhåndgrep. Tøffaste jentene på troppen, meg og Linn var jo sjølvsagt med på dette. Det var artig å snike seg fram, prøve å ikkje lage en lyd samtidig som vi måtte bevege oss fort fram. Plutselig høre eg "piiiiiiiiiiiiip" og ser eit rødt lys som fyker opp. Vi hadde gått på en snublebluss. Alle 24 ned på bakken og nå fauk kulene. Det sa pang over alt, befalet skaut med flerskudd og vi stakkars rekruttene på enkeltskudd med ladegrep mellom kvart einaste skudd.
Etter dette, var det tre timer søvn, nedpakking av leir og buss tilbake og så var det oppskver. Pussing av multifuel, primus, vask av liggeunderlag og alt anna som vart brukt.
Det var ei kjekk, slitsom, skitten og våt veke, men alt i alt, en fantastisk tur, der du var godt kjent med alle sammen.

12. februar 2012

Eg trur eg dør. Men det er gøy!

Dersom noken hadde sagt til meg at eg skulle springe ei heil mil sammenhengande ein gong haddeveg ledd og sagt "yeah, right." Men på tirsdag så sprang vi HH-løpet. Det var noke av det verste eg har vore med på! Vi sprang tropp-vis, og 5.1 var først ut. Vi sprang og sprang og det virka som om det aldri slutta å komme nye svinger rundt det jævlig store vatnet. Det var fleire ganger ned den bakken at eg tenkte "dersom eg sklir her, da brekke eg beinet. Det hørtes fint ut!" Det tok heile 66 minutt å springe rundt. Og siste 4 km gjekk det på pur vilje. Å springe dei siste 100 meterane er det tyngste eg har gjort i heile mitt liv. Petter (han som pusha meg nesten heile vegen) meir eller mindre drog meg over apell-plassen. Når vi kom i mål var eg så sliten at eg berre lo og grein om kvarandre. Den lille koppen med saft-greier var det beste eg hadde smakt på lenge, og det seier litt..!
Vi har forberett oss en del på øvelsen vi skal ha neste veke. Mykje telt-bretting, multi-fuel pussing og pakking av sekk.
Vi har også vore på skytebana. Eg hadde aldri trudd skyting skulle vere gøy, men det var det faktisk! Eg fekk ikkje til liggande, men kneståande og ståande gjekk faltisk veldig bra. Noke som var kjekt siden nesten alle andre fekk liggande mykje bedre til.
Alle på troppen fekk også oppleve at vi har en ulykkesfugl på troppen. Ho heiter jo da Rekrutt Selstad. Ho tok av seg vernebrillene, og akkurat da flaug det ei varm patron forbi, som landa på siden av auget hennar. Så ho fekk brannsår på siden av auget og krutt inn på auget. Så ho gjekk rundt med ein svær bandasje på haudet og såg ut som om ho hadde kløyvd haudet i to og prøvd å lappa det sammen, om du setter det litt på spissen..
Vi har også hatt retest av styrke og 3000 meter. Eg sprang ikkje, siden eg har fått strekk.
Men eg gjorde det bedre på alle styrketestane. 10 hangups, 10 pushups pg 21 situps ! Meget fornøgd.
To be continued...

3. februar 2012

Blod, svette og tårer.

Da er det endelig helg. Det har vore ei vanvittig lang veke. Krigens krav, testing av CS-gass, hardhausen, feltdag, mykje våpen og relativt lite søvn.
Troppen har blitt ein enda meir sammensveiset gjeng, og det er berre heilt fantastisk kor godt så forskjellige folk, kan gå så lett sammen.
Vi har fått dreisen på morgenvask, og permvask begynner og å sitte som en rutine. Bikkestrekken har ikkje vore kritisert heile veka, gulvet kommentert ein gong, og brettekantar berre så vidt. Eg er veldig stolt over rommet mitt. Alle står på, og gjer ein super jobb.
Krigens krav var ikkje så ille som eg hadde trudd. Eg såg jo for meg at det skulle vere, unnskyld utrykket, heilt jævlig, men det var ikkje så grusomt som eg hadde trudd. Sjølvsagt var det tungt, og eg kasta nesten opp når vi var ferdig, men det er liksom blitt "ok" å kaste opp fordi du er så sliten.
CS-gass, derimot. Der er det ingenting anna og seie enn "Aldri igjen". Det var heilt ærlig det verste eg har vore med på. Auga svei, det dryppa tårer, dei renn ikkje liksom. Nesa var blitt omgjort til Niagara fallet, og halsen kjendis ut som om det var gnikka full av jalapeno (iPad'n hakke sånn "nj" tegn) og hostemuskelen fekk seg ei real treningsøkt. Det var vanskelig å puste og det var utrulig ubehagelig. Huda kjentes ut som den var skikkelig solbrendt og noken sto med hårføner og varma opp huda. Dét svei, skal eg fortelle deg! Dagen etterpå, var bihulene mine så reine som dei aldri har vore og huda svei egentlig enda, men fuktighetskrem og en skikkelig vask gjorde susen.
Hardhauser er på ein måte krigens krav, berre styrke-delen, på ein måte. Det var tungt, men ikkje så veldig utmattende, meir slitsomt der og da.
Festdag, var en lang dag. Over 12 timer ute i en del minusgrader, mykje "i ro sitting" og lite og lære, på en måte. Var berre fire poster så. Det kjekkeste var kamuflasje og forflytning. Telt var også gøy, men primus, det var ein leksjon som var unødvendig lang og kjedelig.
Vi har også begynt å trene til skyttermerket. Neste veke skal vi på skytebanen onsdag og torsdag, og fredag er det HH-løpet. 8-9 kilometer lang løype, der vi skal springe samlet tropp og ha "god stemning" som befalte vårt seie titt og ofte.



Gjørmeløypa, på en fin sommerdag. Den har høyrt mange stygge ord..

To be continued...